KURS I MINNEINNSAMLING

Skrevet av Kaare Malkenes man 04/02/2019 - 20:53

KURS I MINNEINNSAMLING

Hordaland sogelag skal halda kurs i minneinnsamling laurdag 23. februar kl. 10.00-15.00.

Stad: Hotel Terminus i Bergen.

Bjørn Enes frå Memoar er kurshaldar. Han tek for seg intervju med opptak på video.

Temaet er munnleg historie. Memoar vart skipa i 2015, og legg vekt på å samla inn intervju-materiale kring i landet.

Enes gjer video-opptak av folk som fortel si historie, og det føreligg alt ei lang rekkje historier som er lagde ut og som det er nett-tilgang til.

Kurset har dette innhaldet:

  1. Verdien av munnlege kjelder
  2. Intervju-situasjonen
  3. Dokumentasjon og arkivering
  4. Formidling av materialet


    Pris pr. deltakar: 400 kr. Rekning vert send til lokallaga etter kurset

Frist for påmelding: 15 februar. Påmelding til knut.o.farestveit@gmail.com eller tlf. 41648198.

 

Styret i Hordaland sogelag

Knut Farestveit