Sydvest bokfestival i Etne 12. - 15 november 2015

Skrevet av Kaare Myrvold … fre 19/06/2015 - 21:46

 

Velkommen til Sydvest bokfestival 12.-15.november 2015

Takk for sist til dykk som var med oss i fjor

Festivalen blir arrangert for andre gong i år og me sender med dette ei førehandsmelding om dato slik at de kan halda av helga.

Tidspunktet blir ei veke tidlegare slik at flest mogeleg kan vera med. (Vedlagt programmet for 2014 for dei som ikkje kjenner festivalen frå før.)

Festivalen er for Hardanger, Sunnhordland, Haugalandet og Ryfylke, føregår på Skakkesenteret i Etne og målet er:

  • Presentasjon, foredrag og feiring av nye fagbøker, hefte, nettstader, film m.m. om sørvestregionen eller som er relevant for regionen.  
  • Styrkja lokal identitet, auka kunnskapen om lokal kultur og kunnskap og inspirera til nye utgjevingar.
  • Gje forfattarane mulighet til å møta lesarane og selja bøkene sine.
  • Møteplass for forfattarar, forleggjarar,lokalhistorieinteresserte, fagfolk og publikum.

Endringar i høve til fjoråret blir hovudvekt på faglitteratur, berre ei parallell programrekke og det vert ikkje julemesse samtidig.

Meir informasjon kjem etter kvart – følg gjerne med på facebooksida: Sydvest bokfestival

Har de fagbøker og anna under arbeid  som de vil foreslå til festivalen – ta kontakt!

For sogeskrift vil me laga ein endå betre fellespresentasjon av desse i år og håpar dei blir ferdige frå trykkeriet i tide.

Me fekk mange gode tilbakemeldingar på festivalen sist, nå håpar me de vil anbefala han til alle kjende og vera med på ei hyggjeleg helg ilag!

Beste helsing

Marit Rønnevik

Biblioteksjef

Stikkord