SYDVEST bokfest og julemesse

Skrevet av Kaare Myrvold … tir 21/10/2014 - 19:54

Invitasjon til

SYDVEST bokfest og julemesse

Laurdag 22. – søndag 23.11. 2014

 

Etne bibliotek og Etne kulturhus ønskjer å invitera til lokal bokfestival og julemesse på Skakke i Etne - ei førjulshelg som blir interessant, opplevelsesrik og sosial.

Mange kjenner Etne frå Etnemarknaden og andre store arrangement og nå kan me tilby svært flotte lokaler i Skakke – senter for skule, idrett og kultur som gjev mulighet for mange parallelle arrangement og stor utstillingsplass.

 

Bokfestival for region sydvest - Sunnhordland, Haugalandet, Ryfylke og Hardanger

·         Presentasjon, foredrag og feiring av nye bøker, trykksaker, digitale publikasjonar, lydbøker eller film som har blitt gitt ut om regionen eller av forfattarar frå regionen, eller media om Vestlandet som berører regionen i sterk grad.

  • Styrkja lokal identitet, auka kunnskapen om lokal kultur og inspirera til nye utgjevingar.
  • Gje forfattarane mulighet til å møta lesarane og selja bøkene sine.
  • Møteplass for forfattarar, forleggjarar, lokalhistorieinteresserte  og fagfolk.  
  • For å få så stor deltaking som mogeleg vil me søkja samarbeid med forlag, bokhandlarar, sogelag, mållag, museer, lokalaviser, bibliotek m.fl. i regionen.
  • Kontaktperson Marit Rønnevik, marit.ronnevik@etne.kommune.no, tlf. 47 90 45 38

Julemesse

  • Sal av kunsthandverk, demonstrasjonar og kurs. Lokal tradisjonsmat og musikkinnslag. 
  • Pris pr. løpemeter kr. 200 + mva

Kontaktperson Yvonne Sandgren, yvonne@etnemarknaden.no, 53 75 64 36 / 996 101 77

Tidsramme

Laurdag 22. november kl. 11.00-18.00

Søndag 23. november kl. 11.00-18.00

Program

Programmet er under arbeid og me kjem tilbake til dette etter kvart, men me kan alt nå lova bøker innan mange ulike emne frå regionen.

Me ønskjer velkomen til ei triveleg bokhelg og håpar du vil vera med!

Beste helsing Marit Rønnevik

Biblioteksjef Etne bibliotek

Tlf. 47 90 45 38