Styremøte i Langevåg

Laurdag 14. juni var vart det gjennomført styremøte i Langevåg på Bømlo. « Det er vel fyrste gong me har halde styremøter utanfor Bergen i mi tid, men  eg tykte me måtte svara ja til invitasjonen frå Bømlo tur og sogelag,  og det er eg glad for» fortel Mikal Heldal leiar i Hordaland sogelag.
Styret nytta høve til å opp summera erfaringane frå årsmøte på Radøy, og drøfta opplegg og program for neste årsmøte som blir på Bømlo. På Bømlo har dei mange eineståande kulturminne, og eg trur laget vil laga eit spanande program både for årsmøte og dei lokalhistoriske dagane neste år.
I Langevåg bur det mange innvandrarar frå Filippinane, og styremøte som vart avvikla i det flotte kulturbygget Langevåg Bygdetun, fekk også oppleva markering av den Filippinske nasjonaldagen 12. juni. Mykje folk var sama i bygdetunet og her var det tilbod på filippinsk mat og kaker. Og det var sal av ymse varer og anna til inntekt for flaumofra i heimlandet. Styret vart på spandert filippinsk mat og kaker  av vertskapet. Ei flott oppleving vart det av eit fargerikt fellesskap i ein kystkommune.

Det kjem meir info om saker som vart handsama på styremøte seinare. Her litt bilete frå samlinga og folkelivet i bygdatunet.

Mykje folk på tilstellinga

Møtedeltakarane. F.v. Bernt Emil Vika, Kari Fedt Haugsbakk , Knut Farestveit , Einar Borgund og Mikal Heldal.

DEsse blide damene serverte fantasisk velsmakande filippinsk mat.