Seminar på Statsarkivet i BergenPrimary tabs

Skrevet av Kaare Myrvold … man 26/10/2015 - 19:50

Hordaland sogelag/Hordaland folkeakademi.
Seminar på Statsarkivet 22. okt. 2014.
13 påmelde møtte og vart teken hand om på beste vis. Kennet Bratland opna med eit omfattande oversyn over kjelder i slektsgransking/lokalhistorisk arbeid. Tone Merete Bruvik og Anette Skogseth Clausen losa oss gjennom det nye digitale arkivverket med sikker hand. På den tida me hadde til rådvelde fekk me berre ei innføring i kva som er mogeleg, men eg trur alle reiste heim med ei kjensle av at her er det mykje å henta innan digitalisert materiale. Og så aukar omfanget av materiale stadig.

Me avslutta dagen med ei synfaring på Statsarkivet der Statsarkivar Yngve Nedrebø var cicerone – det vart ein munter tur saman med ein kunnskapsrik Statsarkivar.

Dette seminaret skulle fleire fått teke del i, men det får bli ei sak i tida som kjem.

Mikal Heldal

Stikkord