Jolebrev frå leiaren.

Skrevet av Kaare Myrvold … fre 02/08/2019 - 12:48

Jolemotiv

 

Hordaland sogelag har no 32 lokallag med om lag 5000 medlemer i det som enno er Hordaland fylke. Denne medlemsmassen representerer ein omfattande lokalhistorisk innsats. Gjennom ein stor dugnadsinnsats vert det gjeve ut årbøker som samla utgjer 2000 – 2500 sider.

Tilskotet frå Hordaland fylkeskommune er til god hjelp. Mesteparten av dette gjekk til å dekka kostnadene med lokalhistoriske dagar og fylkesårsmøte.

 Årsmøte og lokalhistoriske dagar vart haldne 2. og 3. mars 2019. Møtestad og overnatting: Fugl Fønix Hotel. Sjølve årsmøtet vart halde heime hjå styremedlem Leif Halleland 3. mars. Han og familien fortener stor takk for at me vart tekne i mot på denne måten! I den lokalhistoriske delen var det busstur med Einride Åkra som forteljar langs vegen. Det var omvising i Stødle kyrkje og tur i Åkrafjorden med stopp på Markhus. I den gamle skulestova fekk me orientering om utviklinga i bygdene langs Åkrafjorden. I Åkrafjordtunet vart det matservering og orientering. Etne sogelag hadde lagt til rette for ein interessant dag. Om kvelden var det festmiddag og program med m.a. «Ingvar Moe i ord og tonar». Takk til Etne sogelag for ei god tilskiping!

Andre aktivitetar i 2019: Hordaland sogelag har gjennom 13 år skipa til studieturar i «vikingane sine fotefar». I år prøvde me å få til ei tur til York i England, med pga. dårleg påmelding måtte turen avlysast. Ein planlagd tur til vikingsenteret på Karmøy måtte og avlysast. Me prøver att med ein annan tur i 2020. Informasjon og frist for påmelding kjem etter nyttår. Slike turar er lærerike og er kontaktskapande mellom lokallaga.

Hordaland sogelag heldt tre kurs for medlemene i 2019. I februar var det ein kursdag om praktisk styrearbeid og StyreWeb og ein kursdag om minneinnsamling. I september var det ein kursdag om prosedyren om å leggja ut bilete i fylkesbiblioteket sin biletbase.

På Landslaget for Lokalhistorie sitt landsmøte i Alta i mai møtte tre utsendingar frå Hordaland sogelag i tillegg til Mikal Heldal (nestleiaren i Hordaland sogelag) som sa frå seg attval som leiar i landslaget.

Radøy sogelag hadde 30-årsjubileum i november. Kring 80 medlemer var til stades på ei fin feiring der underskrivne fekk vera med.

Tilskipingar som er planlagde for 2020:

Årsmøte og lokalhistoriske dagar vert haldne i Øygarden kommune 7. og 8. mars med Fjell kulturminnelag, Sund sogelag og Øygarden sogelag som tilskiparar. Meir informasjon kjem seinare.

Våren 2020 skal fylkeslaget halda eit kurs for medlemene. Innhaldet skal vera preparering og katalogisering av gjenstandar. Informasjon vert sendt ut seinare.

I tillegg må nemnast at Landslaget for Lokalhistorie skal feira 100-årsjubileum i Oslo 18. – 19. september.

Styret i Hordaland sogelag takkar lokallaga for samarbeidet i 2019!

God Jol og Godt Nytt År!

Beste helsing

Knut Farestveit – leiar i Hordaland sogelag