Lokalhistoriske dager 2009

Skrevet av Bent Sigmund Olsen ons 06/04/2011 - 21:15

Årsmøte og Lokalhistoriske dagar vert haldne 28. og 29. mars på Evanger.

Møtestad: ”Eldhus AS” Alle er velkomne. Møte og turprogrammet (påmelding) er gratis, men deltakarar må betala for
overnatting (påmelding).

HUGS: Påmelding innan 20. mars (sjå nedanfor).
HUGS: deltakarane må sjølve syta for eventuell overnatting (sjå nedanfor).

PROGRAM
Laurdag 28. mars
12:00 – 12:30 Registrering og kaffi. (Møtelokalet til ”Eldhus AS” )
12:30 – 12:45 Opning ved leiaren i Hordaland Sogelag
13:00 – 15:00 Gatevandring og kraftstasjonsbesøk – Evanger, frå idyllisk strandstad via kaos og hektisk anleggsområde og attende til idyllen?
Kaffipause
16:00 – 17:30 Kjøtverksemda i Teigdalen,- ulike perspektiv i tid og rom ved ”pølsenemnda”
19:30 - Festmiddag i ”Gildehallen”- Kåseri ved Kjartan Rødland og musikalsk innslag ved ei gruppe frå Evanger musikklag.

Sundag 29. mars
9:30 – 11:30 Årsmøte i Hordaland sogelag (Møtelokalet til ”Eldhus AS”)
11:30 – 12:15 Lunsj i ”Gildehallen”
12:15 - Tur til Flåtemuseet på Bolstadøyri med orientering om tømmerhandel og Fjordferdsle.
Slutt om lag kl 14:00

INNKVARTERING
For overnatting ta kontakt med Jarl Hotell på Voss Tlf. 56 51 99 00
Prisar: Enkeltrom m/frukost kr.1.000,-
Dobbeltrom m/frukost kr 700,- per person
Festmiddagen og dei andre måltida vert betalt av Hordaland Sogelag.
Frist for påmelding 20, mars 2009