16. deltakarar på turen til Skottland

Det vert 16 deltakarar plus reiseleiar som reiser til Skottland på fredag. For eit par dagar sidan mottok redaktøren denne informasjonen frå Tide Reiser.

 

Kjære Skottland farar,

Tida fyk raskt og det er snart tid for avreise til Skottland. Her sender vi litt informasjon om turen. 
 
Fredag 20. juli er det frammøte på Bergen lufthamn Flesland, sein ettermiddag kl. 18.30. Innsjekk hos Norwegian der vår reiseleiar venter. Vi har i år med reiseleiar frå Tide Reiser. Han er Bent Bentzen og har mobil 971 08 934, og hjelper til med innsjekk. Flyavgang kl. 20.20 direkte til Edinburgh med ankomst kl. 20.35. Vår buss venter og det bærer direkte til hotellet. Vi skal bo i fire netter i Edinburgh på Premier Inn Haymarket, Morrison Link, Edinburgh, tlf. +44 131 656 4300. Vi får raskt våre rom og det vert servert ein sein middag som dermed inneheld kalde rettar. 
 
Laurdag 21. juli startar vi kl. 09.00 på ein byrundtur med buss og lokal skandinavisktalande guide, Suzanne Cormack som skal ta oss med rundt i denne byen som mange regner som ein av Europas vakraste hovudstadar. Kl. 10.00 skal vitja Edinburgh Castle. Rundturen er på fire timar. Vi kan ta ein ekstra tur om ettermiddagen då vi har bussen til kl. 17.00 eller ein kan gå rundt på eiga hand. Middag på hotellet om kvelden.
 
Sundag 22. juli skal vi starta kl. 09.00 med vår buss og kjøyra til Hailes Castle i nærleiken av East Linton for eit besøk. Vidare langs austkysten til Lindisfarne (Holy Island), senteret for kristninga av deler av England. Det er stor skilnad på flo og fjæra her og vi har sikker kjøring over mellom kl. 09.10 og 15.40 denne dagen. På vegen attende til Edinburgh skal vi vitja ruinane av det gamle slottet Dunbar Castle, som var ein sentral for mannen til skottefrua, James Hepburn, 4. Jarlen av Bothwell. I Edinburgh er det denne kvelden fri til å velja stad for middag. Reiseleiar har forslag på restaurantar. 
 
Måndag 23. juli er tenkt som fridag til å utforska Edinburgh på eiga hand. Middagen om kvelden er og på eiga hand. Reiseleiar har forslag til restaurantar. 
 
Tysdag 24. juli set vi oss i bussen og køyrer kl. 09.00 nordover. Vi skal fyrst innom St. Andrews som er kjent for sin golfbane, men vi skal besøkje universitetet som er Skottlands eldste universitet og vart grunnlagt i 1413. Til Dundee og vi tek inn på vårt hotell for tre netter, Apex City Quay Hotel Dundee, 1 West Victoria Dock Road, Dundee DD1 3JP, tlf. +44 08453650001. Vi samlast til middag på hotellet om kvelden.
 
Onsdag 25. juli dreg vi ut på tur kl. 09.00. Vi skal til slottet Glamis Castle nord for Dundee. Det er ein praktfull stad. Om ettermiddagen skal vi vitja Edradour Distillery i nærleiken av Pitlochry. Dette er det minste distilleriet i Skottland og kanskje ein smaksprøve? I dag er det middag på eiga hand i Dundee og reiseleiar har forslag til restauranter.
 
Torsdag 26. juli har vi eit fleksibelt opplegg. Bussen er til rådvelde og saman med reiseleiar vert det lagt opp til ein utflukt. Om kvelden er det middag på hotellet. 
 
Fredag 27. juli er det ein rolig morgon før vi dreg med med bussen. Vi tar ein tur i området og om ettermiddagen vert det vitjing til Scone og Scone Palace i nærleiken av Perth. Deretter til flyplassen i Edinburgh der vi reiser med Norwegian som har avgang kl. 21.05. Ankomst Flesland kl. 23.20.
 
Beste helsing
Tide Reiser