Kurs i treskolaging fredag 11. september på Tysnes

Treskokurs

Tysnes sogelag   og / Hordaland sogelag  skipar til:

Kurs i treskolaging fredag 11. sep. 17.00 – 19.00 og laurdag 12. sep.
09.00 – 16.00.  Kursleiar Helge Hisdal. Kursavgift kr 200,-.

Frist for påmelding 1. sep. 2015. Inntil 6 deltakarar.
Laurdag 12. sep. 12.00 – 14.00: ope hus med registrering av
treskoverktøy for dei som har slikt i si eige. Kaffi og vaflar.

Kurstad: Flakkavåg båt og treindustri, Sletteskogsjøen.
Interesserte melder seg til mikalhe@gmail.com eller SMS til 48096673
Kurset er støtta økonomisk av Hordaland fylke og Kulturrådet.

Meld deg på til treskokurset på Dovre 24. – 26. april


Det må vera minst 4 deltakarar dersom det skal skipast kurs, fortel Helge Hisdal i ein e.post til redaktøren. Handtverket å laga tresko er det som kan kallast «Raudlista handtverk» og kurset som etter planen skal avviklast på Dovre 24. – 26. april har berre 2 påmeldte til no. Dette blir det einaste treskokurset som blir halde i Norge i år. Helge Hisdal frå Samnanger er instruktør på kurset, og han viste fram reiskapen som blir brukt til å laga tresko på årsmøte på Bømlo for knapt ein månad sidan.( bilete) Ynsker du å delta på kurset ta direkte kontakt med Linda Aabonen telt 61217750, mobil 95775770 eller e.post linda@kulturogtradisjon.no SNARAST!

Treskokurs

Hordaland sogelag er oppteken å ta vare på dei gamle handverk tradisjonane og ynskjer å arrangera kurs i å laga tresko. Sogelaget ynskjer å koma i kontakt med lag som kan vera kursarrangør og personar som har treskokrakkar og tilgang på det gamle verktøyet som blei brukt.  Dei som har interesse for kurset tek kontakt med Mikal Heldal på e.post eller SMS 48096673, så blir de kontakta av sogelaget. Les meir om planane her.
Les kva forfattar Jens Tvedt og andra har skrive om treskoen her.

22 deltakarar på kurset i Bergen!

Det var 22 deltakarar på kurset «Utgjeving av årbøker og annan lokalhistorisk litteratur»  som vart avvikla i Bergen 25. september. Me fekk veldig gode tilbakemeldingar, og mange meinte at dette kurset burde gå i reprise minst ein gong for året, fortel Marie Skutlaberg ( bilete) som har vore kursansvarleg.
Du kan lesa meir om det som vart gjennomgått på kurset her.

 

Gratis kurs i Bergen 25. september!

Hordaland Sogelag innbyr til kurset » Utgjeving av årbøker og annan lokalhistorisk litteratur». Kurset vert halde i i Hordaland Fylkeskommune sitt bygg i Bergen, like ved busstasjonen (adr. Agnes Mowinckelsgt 5) i møterom Nordhordland. Påmelding innan 20. sept. til Marie Skutlaberg, telefon 950 62 051, marie.skutlaberg@kvamnet.no
Klikk på her så finn du meir detaljert info om kurset.