Kvinnherad sogelag, ein aktiv kulturformidlar
Bilete: Kari Fedt Hausbakk er kasserar i HS, og medlem av styret i Kvinnherad sogelag.
I Påskenummeret til avisa Kvinnheringen, følgde ekstramagasinet «Det gode livet i Kvinnherad», eit magasin som fortel om folka som bur mellom fjord og fjell i Kvinnherad. Les den flotte artikkelen om arbeidet til Kvinnherad sogelag her.
Museumsforlaget reklamerar
Museumsforlaget er eit nisjeforlag som utgir bøker om kulturarv. Vi satsar på historie, arkeologi og andre fag som fortel om fortid og notid for framtida, skriv dei i ei melding til redaktøren. Vidare fortel dei at Museumsforlagets sine utgåver har høg faglig kvalitet og forlaget er godkjent som publiseringskanal for vitskapleg publisering. Våre engasjerte medarbeidarar har lang erfaring frå forlagsbransjen og gjev våre forfattarar og oppdragsgivarar trygg personlig oppfølging.
Hugs å melda dykk på til årsmøte 5. og 6. mars
Det nærmarseg fristen for påmelding til årsmøte i Norheimsund. Hugs å kontakta hotellet direkte for tinging av rom.Du kan tinga rom direkte på nettet eller ringa Thons Hotels booking center på telefon 815 52 400 mellom kl. 08- 21 på kvardagar. Les meir om årsmøte på nettsida.http://www.hordalandsogelag.no/%C3%A5rsm%C3%B8te-2016 Les også notatet frå Mikal Heldal her.
Med Hordaland Sogelag til England 9. - 14. august
Bilete viser den utgravde kjellaren på JORVIK Viking senter i York som er dekka med glassplater. Senteret som har meir en 400 000 besøkjande kvart år. Kjellaren vart oversvømt i samband med den omfattande flommen i England rundt juletida i fjor. Besøket som TIDE har med i programmet må endrast, fordi siste nytt er at Vikingsenteret fyrst blir opna att for publikum i 2017.
Meir en 7300 unike besøk på nettsida i 2015
I 2015 var det 7307 unike brukarar som vitja nettsida til Hordaland Sogelag. Det er ein auke på 12 % frå året før. Unike brukarar vil seia personar i tillegg til redaktøren sine besøk, som det naturleg nok blir ein del av i samband med oppdatering og redigering. Om lag 2/3 er i Norge, men interessant å merkja seg, 7 % frå Brasil og 2% frå USA.
Innsending av årbøker for 2015
Mange lag har enno ikkje sendt inn årbøkene. Les oppmodinga frå leier Mikal Heldal her.
Os sogelag er skipa
Pensjonert ingeniør Oddbjørn Klyve tok initiativet til å skipa Os sogelag. Med seg i styre har han desse.
Årbøker og historiske tidskrift 2015
Bilete er saksa frå Årbok for Sunnmøre 2015 og viser fiskebåtar samla under det årlege Borgundfjordfiske i gamle dagar.
Etter oppmodinga før jul om å senda inn årbøker og sogeskrift, så kan me no presentera ei oversikt over det som er blitt sendt inn. Tilsaman 20 ulike magasin med over 2200 sider. Det er imponerande. Her følgjer ei oversikt.
Årsmøte 2016
Meld dykk på til årsmøte i Hordaland Sogelag 5. og 6. mars. Møte vært avvikla på Thon Hotel Sandven i Norheimsund. Les utførleg info frå leiar Mikal Heldal om programmet og påmelding her.